Hopp til innhold

Investorar vil byggje hotell på Harastølen

Ei investorgruppe har no laga planar for å byggje hotell og restaurant i det enorme, gamle sanatoriet på Harastølen i Luster.

Harastølen Hotell

STORT: Dette er ei førebels skisse på korleis ein ser føre seg hotellet på Harastølen.

Foto: Harastølen Hotell

«Harastølen Hotell» er det førebelse namnet på prosjektet. Ein av dei som står bak er Terje Svindland frå Lyngdal. Han driv i dag mellom anna konferansesenteret Kvåstunet.

Det gamle tuberkulosesjukehuset, som seinare blei sinnssjukehus og asylmottak, har stått til nedfalls i mange år, og tilstanden på dei historiske bygningane er til dels svært dårleg.

Har trua på hotell

– Dette er vel siste tog for Harastølen. Om noko skal bli gjort der oppe, må det skje no, seier ordførar i Luster Ivar Kvalen (Sp).

Ordføraren er oppteken av at den særeigne staden på bevarast for framtida, og trur eit hotell kan vere eit godt alternativ.

– Det er ein fantastisk plassering, med ei flott utsikt. Eg trur absolutt at mange ville vore interesserte i å bu på hotell der. Samstundes kunne vi då ha teke vare på bygningane som er der, seier Kvalen.

Sanatoriet på Harastølen

ENORMT BYGG: Det gamle sanatoriet på Harastølen i Luster har ei grunnflate på over 1000 kvadratmeter.

Foto: Tone Merete Lillevangstu / NRK

Investor med erfaring frå gardsrestaurant

Terje Svindland driv frå før ein serveringsstad og konferansesenter. Han ser føre seg å byggje opp Harastølen etter same modell.

– Vi vil byrje med å få i stand servering og nokre rom i over to høgder i hovudhuset. Etter kvart har vi lyst til å sette i stand alle bygningane på Harastølen, seier Svindland.

Bygget er i veldig dårleg stand, har de pengar til det?

– Vi har ein del finansiering på plass, men manglar og ein del. Dette vil vere eit prosjekt i klassen fleire titals millionar, og vi tenkjer at det må vere både offentlege og private investeringar på plass.

Harastølen i Luster

HØGT OVER FJORDEN: Harastølen ligg som eit Soria Moria-slott over Lustrafjorden.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Har angra på kjøpet

Det er kraftselskapet Tinfos på Notodden som eig Harastølen, og administrasjonssjef Øyvind Odden fortel at dei har jobba lenge for å finne nokon som vil investere i dei falleferdige bygga.

Tidlegare har Tinfoss innrømma at kjøpet av Harastølen var ei dårleg investering. Dei har brukt mykje krefter på å prøve å finne nokon som vil kjøpe det frå dei.

– Vi har vore i dialog med desse aktørane i ei stund no, og har trua på at det kan bli noko av seier Odden.

Harastølen

ISOLERT: Dei gamle bygningane ligg langt til fjells, og er i dag isolerte om vinteren.

Foto: NRK

Ordføraren meiner prosjektet er realistisk

Opp igjennom åra har det vore fleire aktørar som har hatt planar om å ta Harastølen i bruk til eitkvart. Ordførar Ivar Kvalen meiner planane om hotelldrift er blant dei meir realistiske som har kome fram.

– Dei har haldt på med planlegginga av dette i eit par år no, og vi i kommunen har blitt orientert. Eg forstår det slik at dei begynner å få finansieringa på plass, seier Kvalen.