Investor vil byggje 200 hyblar

Planen var eit gigantisk kjøpesenter i Sogndal. No er investor Ola Mæle og samarbeidspartnarane komne på andre tankar: Hyblar, leilegheiter - og ein matbutikk.

Nedrehagen, der kjøpesenteret skal byggjast

NEDREHAGEN: Her kan det komme senger i hopetal, i staden for kasseapparat slik planen var.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det skriv Sogn Avis laurdag.

Det var i 2007 at planane om eit stort kjøpesenter vart lansert. I Nedrehagen, like ved Sognahallen ved riksveg 5, ville Bik Bok-gründeren og kjendisinverstoren Mæle sette i gang ei milliardutbygging.

Andre senter har bygd og utvida

Men mens Mæle og hans Oslo-basert Sjølyst Utvikling, som eig Nedrehagen AS, førebels berre har vore planstadiet, har Amfi Sogningen blitt utvida fleire gonger. Seinast sist haust utvida storsenteret kraftig.

Nyleg opna også eit nytt senter som mellom anna husar Biltema og Coop Extra, i sjøkanten.

Nyopna Amfi Sogningen

UTVIDA I FJOR: Sogndølene flokka seg til nyopninga av Sogningen i fjor.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Til saman 228 nye bustader

No blir planane for Nedrehagen endra, og dei er store:

* 208 hyblar
* 20 ordinære bustader
* næringsbygg med matbutikk

Jarle Aarvoll

TRENG BUSTADER: Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll.

Foto: Arve Uglum / NRK

Lokalavisa presenterer i dag planane som vil innebere ikkje mindre enn 10 nybygg på Nedrehagen. Åtte hybelhus, fire leilegheitskompleks, og eit butikkbygg.

Positiv ordførar

Planane er som musikk i øyra på ordføraren. Sogndal har i fleire år har slite med hybelmangel og ein pressa bustadmarknad, der prisane på eigedomar har gått i vêret.

– Mindre leilegheiter og hyblar er politisk noko eg ønskjer velkommen, seier Aarvoll til Sogn Avis.

Coop Xtra Sogndal

NYBYGG: Sjøkanten opna i fjor haust, med fleire store kjeder som leigetakarar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Trur senter hadde blitt vanskeleg

Med 60 nyetablerte butikkar i Sogndal i fjor, trur Per Odd Grevsnes i Sogn Næring at Mæle gjer rett i å skrinleggje kjøpesenterplanane.

– Eg trur det hadde blitt relativt vanskeleg å realisere dei opphavelege planane. Det er mykje god næring i at vi har bustader, seier han til avisa.