Hopp til innhold

Investerte titals millionar i asylmottak – no er alt nedlagt

JØLSTER (NRK): For eigedomsinvestorar over heile landet var asylmottak i fleire år ei gullgruve. No er det nesten ingenting att.

Steinar Dvergsdal

EIGDE MOTTAK: Steinar Dvergsdal eigde fleire asylmottak i Sogn og Fjordane. No er alle nedlagde.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– For min del har eg brukt fleire titals millionar, ja. Det er tale om store investeringar for å setje i stand bygningar til å drive asylmottak, seier Steinar Dvergsdal.

Då asylstraumen til Norge nådde toppen i slutten av 2015 og byrjinga av 2016, eigde Dvergsdal ein haug med asylmottak rundt om i Sogn og Fjordane.

I Førde, Jølster, Høyanger, Vadheim og Innvik. I nokre år var det mykje pengar i asylbransjen. No er alle mottaka til Steinar Dvegrsdal nedlagde.

– Hadde eg visst kor fort det skulle snu, hadde eg nok ikkje gått inn i det, seier han no.

I desse dagar er det mange som sit i ein liknande situasjon. Selskap som Hero mottaksdrift, Norsk Folkehjelp og Lopex tente store millionbeløp kvart år fram til asylstraumen stogga opp i fjor. Norsk Mottaksdrift AS gjekk med 46 millionar i overskot på fem år. No er selskapet nedlagd, og det er også alle mottaka dei dreiv.

Det som har skjedd i mellomtida er det ikkje lenger kjem særleg mange asylsøkjarar til landet.

Dei siste åra har UDI lagt ned meir enn 200 asylmottak.

– Kan berre drive dei mottaka det er behov for

I justisdepartementet har dei forståing for frustrasjonen til Dvergsdal og andre i same situasjon.

– Det er lett å forstå at dei er litt frustrerte. Samstundes er det slik at det kjem mange færre flyktningar til landet enn før, og då er det mindre behov for asylmottak. Vi kan berre drive dei asylmottaka det er behov for, seier statssekretær Torkil Åmland i justisdepartementet.

Kjem til å halde seg unna asylbransjen

Asylstraumen til Norge har svinga opp og ned fleire gonger gjennom historia. Dersom det skulle kome ei ny bølgje med flyktningar, er likevel ikkje Steinar Dvergsdal interessert i å kome tilbake til asylbransjen.

– Etter dei røynslene med korte oppseiingstider og massive nedleggingar er eg vel ikkje så interessert i det.

Han fryktar at det same gjeld andre, og at det kan bli eit problem dersom vi får bruk for fleire asylmottak ein gong i framtida.

– Det kan bli eit problem dersom viljen til å investere i bygningar og satse på asylmottak har gått ned, seier Dvergsdal.