Hopp til innhold

Investerte 370 millionar

Bremanger kommune har investert langt meir pengar gjennom Terra, enn det som tidlegare har kome fram i media.

Terramøte i Bremanger

Kommunestyremøte i Bremanger tysdag, der hovudsaka handla om Terra.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Wassum Investment Group seier at kommunen har investert 370 millionar kroner. Tidlegare har det vore sagt at investeringane i amerikanske obligasjonar var på 170 millionar.

100 av dei 370 millionane er "trygge" investeringar i sparebankane, medan dei siste 100 er det uvisse rundt.

100 millionar ned

Wassum Investment Group seier verdien av investeringane så langt har gått ned med nær hundre millionar kroner.

Særleg investeringane i amerikanske obligasjonar har gått kraftig ned dei siste månedane.

Samarbeid

Kommunen vil no samarbeide med Vik, dei fire nordlandskommunane og Haugesund om advokathjelp og rådgjevarar. Onsdag skal representantar for kommunane møtast i Oslo.

Ordføraren i Bremanger, Kåre Olav Svarstad, seier dei aldri meir skal handle med Terra.

- Eg stolar ikkje lenger på nokon, seier han.

Dei har no eit fokus på dei eksterne problema, og skal ta opp interne problem i kommunen på eit seinare tidspunkt.