Hopp til innhold

Opnar opp for å investere 50 millionar i Høyanger og Årdal

Hydro investerer sju millionar kroner i eit testanlegg for ny støypeteknologi i Høyanger. Om prosjektet går bra, vil det utløyse investeringar på om lag 50 millionar i Årdal og Høyanger dei næraste åra.

Hydro Høyanger skal teste ut eit nytt system for å støype aluminium. Dersom testane blir vellukka betyr det truleg nye investeringar i både Høyanger og Årdal.

NY TEKNOLOGI: Hydro investerer no millionar i eit testanlegg på støyperiet i Høyanger. Dette kan opne opp for store investeringar i åra framover.

Leiinga i aluminiumsgiganten vedtok for få dagar sidan investeringa i testanlegget i støyperiet på verket i Høyanger. Ei investering som kan syne seg å leggje grunnen for ei lys framtid for aktiviteten i begge industrisamfunna i Sogn.

Etter det NRK erfarer kan dette gje på ikt gje totale investeringar på om lag 50 millionar kroner i støyperia i Høyanger og Årdal. Noko Hydro-leiinga har stadfesta.

Ny teknologi

Sjef for metallverket i Høyanger, Wenche Eldegard, fortel om stor optimisme knytta til teknologien som er utvikla av Hydro sitt forskingssenter for støypeteknologi i Sunndal i samarbeid med Hycast AS, som er eit heileigd datterselskap av Hydro.

– Støyperia i Årdal og Høyanger har gjeve innspel undervegs i utviklinga av teknologien, og vi ser fram til å teste systemet i ordinær drift. Vi vonar at testperioden svarar til forventingane, og at den nye teknologien kan bidra til å vidareutvikle støyperie og gjere verket meir robust, seier Eldegard.

Nye støypeformer

Hydro merkar større etterspurnad etter valseblokker med høg kvalitet, noko ikkje minst Høyanger har vore ein motor for dei siste åra.

I Årdal har dei over tid avvikla den delen av aktiviteten som omfattar omsmelting av gamalt metall. Dette vil og gjere at dei vil levere valseblokker av enda høgare kvalitet framover.

Investeringa i testanlegget som blir gjort no på sju millionar, inneber at at ein no kan justere storleiken på valseblokkene i ulike storleikar, slik at ei form i det nye støypesystemet vil kunne erstatte inntil sju av dagens støypeformer.

Vil sikre kvalitet

Det nye støypesystemet skal etter planen installerast i Høyanger i januar
2014 og deretter inngå i ordinær drift ved støyperiet frem til halvårsskiftet for å teste teknologien.

– Høyanger er i aluminiumsammenheng eit lite verk. Vi må difor sikre at vi ligg i front. Vi ønskjer å spesialisere oss og vere best på dei vanskelegaste produkta, som gir størst avkastning. Vi er difor svært glade for å få teste ut det nye systemet, seier Eldegard.

Orsdførarmøte Giske

MØTTE GISKE: Ingrid Heggø, Arild Ingar Lægreid og Petter Sortland møtte i dag Trond Giske for å snakke om Hydro si framtid. I kveld kjem nyheita om at Hydro vil investere i Høyanger.

Foto: Martine Røyseland / NHD

Stilnar kritikken?

Temperaturen har vore høg, ikkje berre i støypeformene til Hydro, men også blant lokalpolitikarane i Høyanger og Årdal. Dei såg alle raudt då Hydro bestemte seg for å satse store midlar på å investere i auka produksjon på Karmøy.

Tidlegare i dag var ordførarane i Høyanger og Årdal i møte med næringsminister Trond Giske om dette. Med nyheita om investeringar i støyperia vonar truleg Hydro at kritikken vil stilne.

– Viktige samfunn

Næringsminister Trond Giske var i alle fall klinkande klar etter møtet med politikarane frå Sogn.

– Eg kan seie veldig tydeleg at frå regjeringa si side er det ingen ønskjer om at verken Høyanger eller Årdal skal gradvis utfasast, tvert imot. Eg vil gjere det eg kan for å leggje til rette for at det skjer investeringar i desse samfunna. Vi vil ikkje sitje å sjå på at Årdal og Høyanger skal forvitre, sa Giske til NRK etter møtet.