Hopp til innhold

Investerer for 2 milliardar i nytt linjenett - kostar forbrukarane

Sogn og Fjordane Energi skal byte ut linjenettet. Det kjem til å koste 200 millionar kroner årleg dei neste ti åra. Det vil koste også for deg.

Kraftlinje

SKAL SKIFTAST UT: Sogn og Fjordane Energi byter ut linjenettet. Forbrukarane lokalt må ta kostnaden for nasjonal politikk, seier nettsjef.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sogn og Fjordane Energi skal investere 2 milliardar dei neste ti åra i nytt linjenett. Hovudårsaka er auka straumproduksjon, som følgje av store kraftutbyggingar.

– Vi må bygge det nettet som må til for å få fornybar energi på nett. Det seier nettsjef i Sogn og Fjordane Energi, Asgeir Aase.

Må ta kostnaden lokalt

Men nettsjefen fryktar lokale forbrukarar må ta ein for stor del av rekninga, om ikkje framtidas regelverk for nettleige blir endra.

– Oppgåva er nasjonal, men vi har ressursane. Så er det ei viss urettferd i at vi må bygge det nettet for å legge til rette for nasjonal politisk plan.

Straumnettet i store delar av fylket vil truleg få kraftige oppgraderingar i åra som kjem. SFE planlegg å investere 200 millionar årleg i nytt linjenett dei neste ti åra, hovudårsaka er stadig større kraftproduksjon som må finne vegen fram til kundane.

(Saka held fram under bilete)

Asgeir Aase

URETTFERDIG: Nettsjef i Sogn og Fjordane Energi, Asgeir Aase, meiner det er urettferdig at kundar lokalt må ta kostnaden for nasjonal politikk.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Regelverket må endrast

Samstundes skal den nye 420 kilovoltskraftlina mellom Ørskog og Fardal bli sett i drift. Den nye superlina gjer at det som i dag er sentralnettet gjennom fylket kan få status som lokalt nett. Det er kombinasjonen av dette som kan gi ei kraftig auke i nettleiga.

– Så er vi velsigna med nokre styresmakter som har laga til eit regelverk som er sånn at det er her den endar. Sjølv om det er djupt urettferdig.

Asgeir Aase meiner det er urettferdig at det er kraftkundane lokalt som må ta rekninga for ein nasjonal politikk.

– Vi jobbar med å få dei til å forstå at noko må skje for å få dette rettferdig.