NRK Meny
Normal

Investerer for 130 millionar i 2016

Helse Førde skal investere for knappe 130 millionar kroner neste år. Det er klart etter at styret i dag vedtok investeringsplanen.

"Universitetsblokk1" på Førde sentralsjukehus

NYBYGG: Styret i Helse Førde handsama i dag både budsjett og investeringsplan for 2016. Dette nybygget er største investeringspost neste år.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Den største enkeltinvesteringa er 70 millionar kroner til eitt nytt bygg ved Førde sentralsjukehus. Grunnarbeidet for nybygget tek til like over nyttår.

Bygg aust, som det heiter, skal huse eit lokalmedisinsk senter med funksjonar som legevakt, legevaktsentral, døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp og overgrepsmottak for kommunar i Indre Sunnfjord og Ytre Sogn.

Bygget blir også avlastingsbygg for framtidige ut- og ombyggingar som er planlagde ved sentralsjukehuset.

Styret har også vedteke å investere 24 millionar kroner i medisinsk-teknisk utstyr. Mellom anna i ei ny MR-maskin.

Totalbudsjettet for neste år er 2,9 milliardar kroner. Det skal etter planen gi eit overskot på sju millionar kroner. Fleire styremedlem meinte det er eit stramt budsjett, og at det er naudsynt med tett oppfølging gjennom heile året.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser