Hopp til innhold

Tidenes investeringsbølgje i fiskeflåten

STADLANDET (NRK): Sjømatnæringa håvar inn pengar, og auser milliardane ut på nye fiskebåtar. Ervik Havfiske investerer no 700 millionar kroner i båtar som skal fiske i verdas tøffaste farvatn.

Nordic Prince

KLAR TIL AKSJON: Nordic Prince er ein av to nye fiskebåtar som snart skal bli sett i drift i Sørishavet.

Foto: William Tungevaag / Ervik Havfiske

– Det er den største investeringa vi har gjort nokon gong, seier dagleg leiar i Ervik Havfiske Stig Ervik.

Snart har dei ferdigbygd to autolinebåtar som skal gå i Sørishavet. Rett etter startar bygginga av to nye båtar som skal gå i norske farvatn, i fylgje Fjordabladet.

Men dei er ikkje åleine om å gjera store investeringar. Ifølgje Fiskeribladet kjem fiskerisektoren til å investera over fem milliardar i nye båtar – berre i første halvdel av 2018.

Bladet skriv at det er fordelt på 26 båtar, og inkluderer trålarar, autolinebåtar forskingsfartøy og nye mindre kystfiskebåtar.

Kraftig prisauke

Årsaka til dei store investeringane er gode tider i fiskerinæringa.

Stig Ervik

OPTIMIST: Dagleg leiar i Ervik Havfiske Stig Ervik trur dei gode lakseprisane vil halde fram, som gjer det forsvarleg å investere så store summar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er ein byggeboom i forhold til tidlegare, men det trengst. Båtane byrjar å bli gamle og det har vore lite pengar i næringa. No er det gode prisar og folk ønsker å investere. Vi sitt med båtar frå 1980-talet og det er viktig for dei som jobbar der og for rekrutteringa med nye båtar, seier Ervik.

Norge eksporterte i fjor sjømat for 94 milliardar kroner. 19,6 milliardar var villfanga fisk frå havet, resten er oppdrett. Det gjev rom for satsing, noko som gleder Fiskebåt, interesseorganisasjonen for norske fiskebåtar.

– Eg syns det er fantastisk flott. Det vitnar også om at det går godt i norsk fiskerinæring, seier Audun Maråk, direktør i Fiskebåt.

Vestkapp og Frøyanes junior

NYBYGG: Før 2019 er omme skal desse to nye båtane til vel 170 millionar kroner kvar byggast i Tyrkia og settast i arbeid i norske farvatn.

Foto: Marin teknikk / Ervik Havfiske

Store lån

I 2017 gav Innovasjon Norge utlån og garantiar for 1,3 milliardar kroner til fornying av fiskebåt-flåten.

– Vi forventar at det vil halde fram også i år og vi vil låne ut masse også i 2018, seier Petter Bunes som er seniorrådgjevar i Innovasjon Norge.

Ervik Havfiske har mellom 350 og 400 menneske i konsernet sitt med hovudkontor i Selje. Der trur dei investeringane vil lønne seg.

Autolinebåtane som vert bygde vil ha lugarkapasitet på 27 personar, dagrom, trimrom, sauna og alt ein elles treng for å drive moderne fiskeri. Båtane som skal gå i Norge skal erstatte eldre båtar som må skiftast ut.

– 2018 trur eg vert eit godt år med låge renter, gode kvotar og gode prisar. Men vi har alltid vore vand med bølgedalar, så at det berre vil gå oppover framover trur vi ikkje, men at det vert gode år framover har eg trur eg på, seier Ervik.