Hopp til innhold

Investerer ein halv milliard

Bedrifta Norsun på Årdalstangen investerer 515 millionar kroner og doblar kapasiteten, skriv Sogn Avis. Pengane kjem frå utviding av aksjekapitalen, lån og tilskot. Norsun produserer syltynne silisumsskiver som blir brukt i solcellepanel. Fabrikksjef Steinar Talle seier det er ein stor dag for bedrifta og dei 230 tilsette. – Dette er ein av dei viktigaste dagane i Norsun si historie. Det å få inn dette beløpet er veldig stort for oss, og det vil tryggje bedrifta framover. Det at vi kan auka produksjonskapasiteten er heilt fantastisk. I dag blir det kake for alle dei tilsette, seier han til NRK.

Norsun - produksjonshall
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK