Hopp til innhold

Brukar 20 mill. kroner på avansert produksjonsmaskin for vindauge

Vindaugefabrikken Fjordglas i Luster investerer no 20 millionar kroner i den mest avanserte produksjonsmaskina for vindauge i Europa.

Robert Veum Fjordglas

SATSAR: Robert Veum og Fjordglas brukar i desse dagar 20 millionar kroner på ei ny maskin. Den har teknologi som ikkje finst maken til i heile Europa.

Foto: Arve Uglum / NRK

Sjølv om det kostar er dette eit heilt nødvendig grep for den vesle bedrifta. Det handlar om å investere, eller gå sakte til grunne, fortel Robert Veum som er dagleg leiar.

– Dette er eit løft for oss. Vi kunne klart å drive slik vi gjer i dag i fire-fem år til, men då er eg redd vi hadde måtte spikre att dørene og reise heim, seier han.

Investerer trass tøffe tider

Den familieeigde vindaugefabrikken i Luster hadde eit godt år i fjor. I 2011 omsette dei for 35 millionar kroner og leverte ei resultat på fem millionar kroner i resultat. 20 mann er i stabilt i arbeid, men dei har likevel fått merke finanskrisa indirekte.

Dagleg leiar Robert Veum fortel at finanskrisa førte til mykje tøffare konkurranse i innlandsmarknaden.

– Marknaden i Europa er dårleg for dei store norske fabrikkane, og no støvsugar dei den norske marknaden, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Robert Veum

GJELDSFRIE: Den daglege leiaren ved vindaugefabrikken trur dei skal vere gjeldsfrie om berre vel fem år.

Foto: Arve Uglum / NRK

Skal gjere alt med ei maskin

Fjordglas sitt svar er å investere 20 millionar kroner i ei spesialkonstruert produksjonsmaskin. Den har teknologi det ikkje finst maken til i Europa

– Den nye maskina vil dekke om lag 400 kvadratmeter. I den skjer alt frå kapping til det ferdige produktet, på den måten slepp du innom fleire stasjonar, forklarar Veum.

I går vedtok kommunestyret i Luster å løyva 700.000 kroner i tilskot og tre millionar kroner i rentefritt lån til investeringa. Med det fall den siste brikka på plass.

– Vi har hatt litt pengar på bok. Med stor eigeninnsats, og bra finansiering ser det eigentleg ut til at vi kan vere gjeldsfrie om vel fem år, slår Veum fast.