Hopp til innhold

Internasjonal storpolitikk råkar Hydro-verka hardt

Brasil-krise og amerikanske sanksjonar kostar Hydro sine verk stort.

Wenche Eldegard

PÅVERKAR: Fabrikksjef Wenche Eldegard ved Hydro Årdal seier at dagens aluminiumsprisar heng saman med ein noko strammare og meir usikkert aluminiumsmarknad globalt.

Foto: Johan Moen / NRK

Hydro Årdal avslutta første kvartal med eit overskot før renter og skatt på 129 millionar kroner. Det er 44 millionar kroner mindre enn fjerde kvartal i fjor.

Tilsvarande resultat for Hydro i Høyanger var 28 millionar kroner. Ein nedgang på 25 millionar.

– Vi har sett ein kraftig auke av både alumina- og aluminiumsprisane i første kvartal, som følgje av at styresmaktene i Brasil har pålagt stenging av produksjon ved Alunorte og amerikanske sanksjonar som påverkar russiske Rusal, seier fabrikksjef Wenche Eldegard ved Hydro Årdal.

– Eit godt kvartal

Det har storma rundt Hydro etter at Alunorte-anlegget sine utsleppsproblem vart kjende. Hydro sjølv melder at denne krisa har kosta dei 450 millionar kroner.

Stian Moe Tangen, fabrikksjef for Hydro i Høyanger

INVESTERER: Fabrikksjef Stian Tangen seier at det føregår ei rekkje oppgraderingar på verket i Høyanger.

Foto: Pressebilete

I tillegg har USA sine planlagde sanksjonar mot den russiske aluminiumsgiganten Rusal ført til uvisse om prisar og tilgang framover.

Situasjonen sett i betraktning, fabrikksjef Stian Tangen meiner Hydro Høyanger legg bak seg eit godt kvartal.

– Vi produserer veldig godt og på ein sikker måte, men når det kjem til forhold vi ikkje rår over i verdsmarknaden, så har vi som heile aluminiumsindustrien utfordringar, seier han.

Rekordproduksjon

I første kvartal kan verket skilte til rekordhøg produksjon. Forbetra prosessar og ny teknologi har auka produksjonstakta. I vinter starta også arbeidet med ny likerettar. Med denne i gang før sommaren, trur Tangen på endå høgare produksjonstakt.

Investeringa kostar over 100 millionar kroner.

– Vi skal optimalisere drifta til å produsere meir og meir berekraftig. Likerettarinvesteringa er naudsynt og effekten vil ein sjå effekt av i åra som kjem, med auke i produksjonstakta steg for steg, seier han.

Sesongmessige svingingar

I Årdal seier Eldegard at drifta der har vore stabil og god i starten av 2018. Karbonfabrikken og PFA-støyperiet sette begge produksjonsrekordar.

– Vi tener på ein auka aluminiumspris og framleis låg kronekurs mot dollar, men har auka råvarekostnader. Samanlikna med førre kvartal har vi også eit auka salsvolum, men det skuldast vanlege sesongmessige svingingar i etterspørsel, seier ho.

90 nye arbeidsplassar

Johan Berg, fabrikksjef Hydro Husnes

POSITIV MARKNAD: – Vi fokuserer på det vi kan påverke, noko som er sikker og stabil drift. Det er lite vi kan gjere for å påverke marknadsforholda, seier Johan Berg og gler seg over god etterspurnad.

Foto: Tale Hauso / NRK

I Hordaland leverte Hydro Husnes eit overskot før rente og skatt på 16 millionar. Det er ein nedgang på 44 millionar kroner i høve siste kvartal 2017.

Fabrikksjef Johan Berg trekkjer fram at det er god etterspurnad etter produkta dei produserer, men at også dei merkar at råvarekostnaden trekkjer resultatet noko ned.

I desember vedtok Hdyro å oppgrader og gjenopne B-hallen. Dette vil skape 90 nye arbeidsplassar.

– Førebuingane går for fullt, både på det tekniske men også planane kring ressursbehov og rekruttering i samband med oppstarten. Vi hadde over 120 søknader til lærlingplassar i 2018, noko som er rekord. Vi tilset no 20-25 nye lærlingar frå hausten 2018, seier han.