Hopp til innhold

Internasjonal folkefest med musikk i sentrum

Musikkverda har innteke Førde og dette viser også att i bybildet. På torgscena ved Elvetorget blir det halde gratiskonsertar. Her får store og små smakebitar frå konsertprogrammet til Førdefestivalen.

Førde festivalen

MUSIKK I SENTRUM: Mange møtte då utvalde festivalartistar frå konsertprogrammet til Førdefestivalen spelte. Fredag 7. juli var det stemningsmusikk frå både Spania, Afrika og Norge på utescena i sentrum.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Både plassen og folka er fine, alt er supert. Vi er kjempe glade for å spele her. Folk set enda meir pris på musikken vår her enn i heimlandet vårt, fortel den spanske artisten Icia Sanmartin.

Barn i sentrum

FREMSTE RAD: Barna frå Hatlehaugen barnehage har beste utsikta då Xabier Diaz og Adufeiras de Salitre frå Spania spelar.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Ho er ein av sju medlemmar i den kvinnelege vokal – og perkusjonsgruppa, Adufeiras de Salitre. Dei spelar på mauriske firkant-trommer.

Med seg på laget har dei Xabier Dias frå Galicia, som har tilnamnet "The Tambourine Man". Han er spesialist på instrumentet Pandeireta Galega, galisisk tamburin.

Frå afrikanske rytmar til rotnorske tonar

Lars Amundsen

HAR KOME FRÅ OSLO: – Eg er sikker på at det er mykje fint i vente framover òg, seier Lars Amundsen.

Foto: Wibeke Bruland

Det norske innslaget stod Gudbrandsdølenes Spelmannslag for. Dei er eitt av dei mestvinnande spelemannslaga i Norge i landskappleiksamanheng, og spelte tradisjonsmusikk frå Gudbrandsdalen.

– Eg har teke turen frå Oslo ettersom eg likar folkemusikk. Stemninga er fin og det er artig å vere tilbake. For mange år sidan budde eg faktisk i Førde, fortel Lars Amundsen.

Førdefestivalen er i gong

SJÅ VIDEO: Førdefestivalen er i full gong, med eit breitt spekter av musikalske uttrykk. (FOTO: AHMAD DEAN/NRK)

God stemning blant publikum

– Det er reine sydenstemninga. Mange av brukarane som er med er opptekne av musikk. Dei synast det er kjekt og det er god stemning, seier Turid Gjøvik, som arbeidar ved Skei aktivitetssenter.

Mokoomba

AFRIKANSKE RYTMAR: Gruppa Mokoomba, som tyder «stor respekt for elva», frå Zimbabwe.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Festivalartistane Mokoomba frå Zimbabwe lagar stemning med afrikanske rytmar. Gruppa framfører låtar forankra i lokal musikktradisjon frå heimbyen, Victoria Falls, til trampeklapp frå publikum.

– Det er topp stemning og musikken til Mokoomba framkallar nokre minner. Eg har vore i Zimbabwe og var mest spent på den gruppa, fortel Stefanie Fristad.

Har du bilete frå Førdefestivalen?

Er du blant dei mange som forevigar festivalen, vil vi gjerne at du også nyttar emneknaggen #nrksf når tek bilete og deler dei på sosiale medium som til dømes Instagram.