Hopp til innhold

– Dette er trist. Det stiller heile Arbeidarpartiet i eit dårleg lys

Det er full strid internt i Arbeidarpartiet om korleis fylkestingsgruppa skal røyste om kor E39 skal gå gjennom Nordfjord.

E39 alternativa gjennom Nordfjord

STRYN ELLER ANDA-LOTE: Fylkesleiaren i Ap seier ti av dei elleve representante i Fylkestinget vil stemme for at E39 i framtida skal gå via Stryn.

Foto: Statens vegvesen

I ei pressemelding står det at medlemmene i Ap ikkje er bundne under røystinga i Fylkestinget. Men fylkesleiar Nils P. Støyva har ei anna oppfatning av saka. Han seier alle i gruppa vil stemme samla for at E39 skal gå via Stryn, med unntak av Torbjørn Vereide som er fristilt.

Fylkesnestleiar Sonja Edvardsen, som også er tidlegare Eid-ordførar, kjenner seg lurt.

– Eg synst dette er trist. Vi kjem i eit dårleg lys, og eg opplever det som tungt å vere Ap-politikar no. Det er uryddig i forhold til kva vi gjekk til val på, seier ho til NRK.no.

Stryn eller Anda-Lote?

Det går mot ein politisk thriller i Fylkestinget når politikarane skal bestemme seg for kor dei vil at stamvegen skal gå gjennom Nordfjord. Parti står mot parti og bygder står mot bygder i striden om stamvegen.

Skal den følgje dagens trase via Anda-Lote, eller skal ein heller byggje vegen via Stryn, såkalla indre line? Debatten har rasa sidan Vegvesenet i haust sa at dei meinte det ville vere billegast og best om vegen gjekk via Stryn.

Fylkesrådmannen har også gått inn for at E39 skal gå via Stryn og over helga skal fylkespolitikarane gje si tilråding i saka.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nils P. Støyva

IKKJE PARTIPISK: Partileiar Nils P. Støyva nektar for at det snakk om noko partipisk i saka.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ukorrekt pressemelding

No har konflikten ramma Arbeidarpartiet med full styrke. I ei pressemelding sendt ut frå Fylkespartiet datert 22. januar går det fram at medlemmene står fritt under røystinga i Fylkestinget på måndag.

Men no har fylkesleiar Nils P. Støyva ei anna oppfatning av saka.

– Den pressemeldinga er ikkje heilt presis. Det som er det korrekte er at Torbjørn Vereide er fristilt. Vi hadde ein god og brei diskusjon i gruppa etter felles møte, og då vart vi alle samde om at vi stemmer samla for indre line. Altså, dei ti andre i gruppa, seier Støyva som er tidlegare ordførar i Stryn.

Stod på midtre line i valkampen

Under valkampen i fjor var Arbeidarpartiet i fylket klar på at stamvegen gjennom Nordfjord må følgje dagens midtre trasé via Anda-Lote. Dåverande fylkesordførarkandidat for Arbeidarpartiet, Åshild Kjelsnes, sa mellom anna dette under partiutspørjinga:

– Trasévalet ligg fast.

– Og det er Anda-Lote, altså midtre line?

– Det er der E39 går i dag.

Professor Frank Aarebrot meiner snuoperasjonen Arbeidarpartiet har gjennomført i saka er etisk forkasteleg, eit utspel Kjelsnes seier berre må registrere.

– I valkampen sa eg fleire gonger at pr. no står vi på midtre line, men eg sa og gjentekne gonger at vi måtte sjå kva som kom når utgreiinga vart kjend, det vart eg og kritisert for.

(Artikkelen held fram under biletet)

Åshild Kjelsnes

MIDTRE: I valkampen sa Åshild Kjelsnes fleire gonger at Ap ville gå for Anda-Lote.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Ikkje noko partipisk

Arbeidarpartiet har uansett snudd i saka, og går altså for indre line via Stryn.

Forutan Torbjørn Vereide som er frå Gloppen, må resten av Ap-representantane røyste for indre line, seier fylkesleiar Støyva.

– Dette er ikkje noko partipisk, seier han.

Ville røyste Anda-Lote, men..

Jorunn Eide Kirketeig

ANDA-LOTE: Jorunn Eide Kirketeig ville eigentleg stemme Anda-Lote, men røyster no saman med resten av fylkestingsgruppa for Stryn.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Jorun Eide Kirketeig ville opphavleg gå for Anda-Lote-alternativet, men føler seg no bunden til å røyste for indre line.

– Ja, Ap-gruppa er bunden med unntak av Torbjørn Vereide. Han kan stemme slik han ønskjer i Fylkestinget på måndag, seier Eide Kirketeig.

– Men i pressemeldinga står det: «Eit stort fleirtal i fellesmøte gjekk inn for å støtte fylkesrådmannen si tilråding i denne saka. Gruppa sine medlemmer er ikkje bundne under stemmegivinga i Fylkestinget». Kva seier du til det?

– Eg trur kanskje det er ei feilskrift. Men det må nesten dei som har ført den i pennen svare på, seier Eide Kirketeig.

– Eg er veldig skuffa

Sonja Edvardsen føler seg ført bak lyset av partifellene i fylkestingsgruppa. Ho viser til at dei på eit fellesmøte mellom fylkesstyret i partiet og fylkestingsgruppa, der ho sjølv deltok, vart samde om at medlemmene skulle stillast fritt.

Sonja Edvardsen

SKUFFA: Tidlegare Eid-ordførar og fylkesnestleiar i Ap, Sonja Edvardsen er skuffa over at Ap si gruppe i Fylkestinget ikkje er fristilte i stamvegsaka.

Foto: Stig Høynes

Men seinare har altså fylkestingsgruppa, etter at det er sendt ut pressemelding om at Ap-representantane stiller fritt, tvert om vedteke å binde gruppa.

Det heile er veldig uryddig, meiner Edvardsen som er svært skuffa.

– Vi var heilt klare på at gruppa var fristilt, så no er eg veldig skuffa, seier ho.

Desse elleve møter for Arbeidarpartiet i Fylkestinget: Åshild Kjelsnes (Flora), Hilmar Høl (Årdal), Nils P. Støyva (Stryn), Karianne Torvanger (Flora), Torbjørn Vereide (Gloppen), Jorunn Eide Kirketeig (Førde), Odd Atle Stegjegjerdet (Lustert, Eva M. Hage Solstad (Lærdal), Henrik Oppen (Høyanger), Helen Hjertaas (Vågsøy) og Arve Helle (Fjaler).