– Det vi alt har gjort er å sette i verk ekstra kontrollar på omkøyringsvegane etter at Gudvangatunnelen er stengd, seier Thormod Gausdal i Statens vegvesen.
Gausdal og mannskapet hans kontrollerer kring 8000 køyretøy i året i området frå Odda til Eid, og dei får med seg dei fleste fjellovergangane.
Gausdal vil ikkje seie noko om brannårsaka til denne konkrete bussen, men seier dei er spesielt opptekne av diesel- og oljelekkasje frå køyretøya.
Fokus på turistbussar
No i turistsesongen har dei ekstra fokus på turistbussar.
– Vi vil no vere ekstra nøye med å kontrollere bremser, brannteknisk tilstand og dekk, og ikkje minst køyre- og kviletid.
- Les også:
– Og då særskilt turbussar?
– Ja, spesielt dei, men vi gløymer ikkje dei lokale rutene og ekspressbussane.
Mange kontrollar
På riksveg 7 over Hardangervidda er det etablert kontroll i nedstigninga mot Eidfjord. Tungbilar vert kontrollerte for varmgang i bremser og anna som kan vere ein tryggleiksrisiko på bratte fjellovergangar.
På E134 Haukelifjell er det etablert forsterka kontroll på Seljestad kontrollstasjon, og på rv. 13/55/5 om Vikafjellet og Sogndal kjem det òg til å bli utført kontrollar.
- Les også:
- Les også:
–
, gjer vi ein stor innsats for å sikre at auka trafikk med tungbilar ikkje skal skape problem på fjellovergangane. Vi deler òg ut informasjonsmateriell om køyring på bratte fjellovergangar når vi møter sjåførane, seier Gausdal.– Korleis er den tekniske standarden på bussane de kontrollerer?
– Det vi ser er at mange av dei utanlandske bussane er eldre enn dei norske. Det er mange bra bussar, men det er og mange som ikkje held den standarden vi er vane med i Norge.