– Vi øver ein gong i veka, og det er ope for alle. Vi syng saman, drikk kaffi og skapar vennskap, seier Jorunn Bakke Nydal.
Ho er musikkterapeut og leiar det internasjonale koret.
– Kultur skapar ulike fellesskap og bygger eit godt samfunn. Det internasjonale koret er ein viktig møteplass og ein viktig musikkinstitusjon i samfunnet.
Ho meiner kultur med musikk og song er viktig for eit godt liv.
– Det å synge er kanskje noko av det første vi har med oss frå vi er fødde. Når vi blei vogga av mor, så var det eit samspel mellom barn og mor. Vi hadde ikkje ord, men vi spegla kvarandre slik at vi skapte ein relasjon, seier Jorunn.
Det kan vere vanskeleg å snakke med andre på grunn av språk og kulturforskjellar. Det å vere i eit kor saman skapar eit fellesskap.
– Vi har ein gjensidig respekt. Det vil ein gi styrke for meg i min kvardag og gi ein livskvalitet. Eg har blitt kjent med deg, så kan eg møte deg og seie hei, seier ho.
- Les også: