Ferjeselskapet har meldt hendingane til politiet og vil installere videokamera i gangen utanfor toaletta etter hendingane i sommar.
Ferja som trafikkerer E39-sambandet Lavik - Oppedal over Sognefjorden, har fleire gonger fått tetta toaletta sine. Mannskap har også funne «trusselbrev» ulike stadar på ferja. Mellom anna i dei tette toaletta.
– Det er trist. Det går hovudsakleg utover dei reisande og våre tilsette. Utan grunn, seier regionsjef for ferje i Norled, Inge Andre Utåker.
Førte til kortslutning
Det var Avisa Nordhordland som først omtala truslane i samband med liknande sabotasje på MF «Melderskin» på sambandet Leirvåg–Sløvåg på Fensfjorden.
Fleire opne kranar på toaletta førte til overfløyming og seinare kortslutning, slik at ferja måtte liggje i ro i nokre timar tysdag.
– Eg vil ikkje avvisa at det er ein samanheng, sa Utåker til avisa om ein mogeleg samanheng mellom sabotasjen på dei to ferjene.
– «Ampere» skal lide
NRK har sett eitt av trusselbreva som i sommar vart funne i toalettet på «Ampere».
Ferja
og fekk ein . Frå nyttår tok Norled over drifta på sambandet etter Fjord1. Utåker seier trugslane er retta både mot selskapet og ferja.– Det er usaklegheiter, der tonen er at dei skal gjere livet surt for oss og at dei ynskjer at «Ampere» skal lide mest mogleg og aller helst forsvinne. Det er også noko om oss som operatør i desse breva, seier Utåker til NRK.
Førte til kanselleringar
Sabotasjen har ført til fleire kansellerte avgangar. Utåker seier regelverket seier at eit passasjerfartøy ikkje kan segle utan toalett, eller med defekt toalett.
– Då må båten ligge i ro. For oss som selskap får det ingen følgjer, men det får betydelege følgjer for dei som reiser der og då, og så er det ei ulempe for mannskapet som må rydde opp, seier Utåker.
Ser ingen grunn
Selskapet vil no installere videoovervaking i gangen utanfor toaletta på «Ampere».
Utåker kan ikkje sjå noko grunn til at verken Ampere eller Norled skal bli utsette for sabotasje.
– Eg kan forstå at det var rettmessig harme mot Ampere i innkøyringsmånadane. Då var det ganske mykje underproduksjon grunna ladeproblem. Men det har det ikkje vore sidan mai-månad. Difor er det veldig leitt at dette heldt fram til august, seier han.