NRK Meny
Normal

Inspirert av det nære landskapet

LÆRDAL (NRK): Dei kjem frå ulike generasjonar og har valt ulike kunstformer; men kjærleiken til landskapet i Lærdal er stor hos både biletkunstnar Hans Gjesme og fotograf Jens Hauge.

Jens Hauge

INSPIRERT AV GJESME: Jens Hauge var 18 år då han først møtte Gjesme og kunsten hans.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Det er jo ein fascinasjon og ein kjærleik til eit landskap, det er det som er utgangspunktet, seier Hauge.

Frå utstillinga Fellesrom på Sogn Kunstsenter

FJELL OG DALAR: Det var i Tynjadalen og fjella rundt Gjesme fann motiva sine.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Han fekk i år kommunen sin kulturpris, og arbeider hovudsakleg med svart/kvitt-fotografi. I sommar har Hauge gleda av å stille ut fotografia sine på Sogn kunstsenter i Lærdal. Side om side med måleria til Hans Gjesme, ein kunstnar han har hatt eit nært vennskap til, og som har vore viktig for hans eige virke som kunstnar.

Heimen som sentrum

Etter kunstutdanning i Paris og Oslo flytta kunstmålaren Hans Gjesme tilbake til heimstaden Lærdal. Her levde og arbeidde han resten av livet. Rett før han døydde i 1994 gav han store deler av livsverket sitt til kommunen.

Det er over 40 år sidan Hauge møtte kunstnaren for første gong.

Jens Hauge ser på biletet til Hans Gjesme

HUSET TIL GJESME: Her haldt Gjesme seg stort sett – på den måten kan ein sjå det som hans fengsel, seier fotograf Jens Hauge.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Eg var 18 år då eg møtte han. Han hadde nett kome tilbake til Lærdal, og eg kjende ikkje til han i det heile. Ved eit reint tilfelle kom eg på besøk til han, og eg vart jo aldeles overvelda når eg såg kva han hadde på veggene sine. Gjesme forstod at eg var meir enn gjennomsnittleg interessert i kunst, og vi vart gode vener. Eg kom tilbake mange gonger, og kvar gong hadde han nye arbeid å vise meg.

Og huset til Gjesme er sentralt i utstillinga. Dei fleste motiva kan vi sjå når vi ser ut frå ulike vindauge i huset. På eitt av bileta kan ein også sjå huset utanfrå. Eit hus som på ein måte vart eit fengsel for kunstnaren, seier Hauge. Gjesme sleit med psykisk sjukdom store delar av livet, og heldt seg stort sett her.

Stort spenn

Det er eit stort tidsspenn i når bileta vart tekne og måla. Det første biletet i utstillinga måla Gjesme då han var berre 13 år gammal, det siste rett før han døydde i 1994. Og stilen har endra seg undervegs, fortel Hauge.

– Det er slik at du nesten ikkje trur at det er same personen som har laga dei, men når du ser det i ein litt større samanheng ser du jo hans fingeravtrykk.

bilete av Jens Hauge og Hans Gjesme

OGSÅ SKISSER: For første gong er også skissene til Gjesme stilt ut, side om side med måleria hans og fotografia til Hauge.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Utstillinga «Fellesrom» vert hengande på Sogn Kunstsenter ut august.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser