Ordførarane har gått saman og krev meir nynorskundervisning for framandspråklege.
Krev nynorsk
Ordførarane går under parolen «Støtt kravet om nynorsk undervisningsmateriell i alle fag til fremmedspråklige» skriv
.- Om vi lærte nynorsk på skulen ville det vore nærare det språket dei snakkar på gata her, vossamål, seier Iyassu Tesfagebre.
Han får norskopplæring på bokmål av Voss kommune.
Sendt departementet
Ordførarane er i all hovudsak frå Vestlandet, og kravet er sendt til Kunnskapsdepartementet.
Ideen bak det heile fekk 'Anne Margrethe Eidhammer¨. Ho er lærar og mållagsleiar i Vindafjord kommune i Rogaland.
Ber om hjelp
Ho seier fleire har vore i kontakt med henne for å få nynorsk opplæring.
- Dei har prøblem med å forstår dialekten, og å hjelpe borna med skulearbeidet sidan dei berre får bokmålsopplæring, seier ho til avisa.