- og forstår ikkje skepsisen mot innvandrarar.
Setter søkelys
Victor Norman la på folkeleg og forståeleg vis fram sterke synspunkt på verdien av innvandring på møtet med 120 utsendingar i Florø i dag.
Flora sette med dette seminaret søkelyset på status og utfordringar kring busetjing av flyktningar og innvandrarar.
I ei tid med sterk
i dei aller fleste kommunane her i fylket er Flora med fylkets einaste kommunale asylmottak eit synleg prov på langvarig tilpassing av innvandrarar.- Viktig for økonomien
Og professor og tidlegare arbeidsminister for Høgre i Bondevik-regjeringa, Victor Norman meiner at integrering av innvandrarar i arbeidsmarknaden gjev stor verdiskaping.
- Alle norske kommunar, unnateke dei rundt Oslofjorden, er avhengige av innvandrarar i åra framover.
- Kommunane treng dei for å halde på folketalet og få til økonomisk utvikling. Dei bør innsjå at innvandrarar er noko av det viktigaste dei kan jobbe med, seier han.