Hopp til innhold

Dei får ikkje studere i Norge, og dei får heller ikkje ta vidaregåandefaga dei treng

Mange innvandrarar har utdanning frå vidaregåande skule som ikkje gir dei rett til høgare studier her i landet. Men dei har heller ikkje rett til å ta faga dei manglar for å kunne studere.

Innvandrerkvinner på Grønland i Oslo

MELLOM TO STOLAR: Enkelte innvandrarar med vidaregåande utdanning frå heimlandet får korkje studere eller ta fag frå norsk vidaregåande skule.

Foto: Johansen, Erik / Scanpix

Utdanningsdirektoratet seier at det er ei løysing å ta faga som privatist , men stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn er ikkje samd. Han og Venstre vil vurdere Opplæringslova på nytt.

Arnulf Elle ved norsksenteret i Førde kommune meiner lova slik den er no hemmar integreringa.

– I realiteten har dei blitt stengde og har ikkje sjanse til å kome vidare i livet. Mange som er kvalifiserte fell mellom to stolar. Dei har godkjend vidaregåande skule frå heimlandet, men dei får avslag på å bruke den til noko vetig her i landet.

– Mange gir opp

Vidaregåande skular frå mange land utanfor EU/EØS gir ikkje generell studiekompetanse i Norge. Difor kan innvandrarar som har fullført vidaregåande skule i dei landa ikkje studere ved universitet eller høgskular.

Men fordi dei har fullført vidaregåande skule i heimlandet, har dei heller ikkje rett til vidaregåande vaksenopplæring for å ta faga dei manglar for å kunne studere.

– Det er mange som gir opp, det er det. Fleire av dei er i 20-åra og kan ha ein lang yrkeskarriere framfor seg, seier Elle.

Men det meiner han er vanskeleg med dagens lov, som han trur har store konsekvensar, både for enkeltmenneske og samfunnet.

– Vi kjem til å tape veldig mykje pengar fordi folk anten ikkje kjem seg i arbeid, eller dei kjem i jobbar som dei knapt kan greie seg på, og dermed må ha supplerande hjelp. I låglønsyrke er det mykje sjukemeldingar, uføretrygd og tidlegpensjon. Alt dette er utgifter, ikkje inntekter for det norske samfunnet.

Cathrine Børnes i Utdanningsdirektoratet

MÅ FYLGJE REGELVERKET: Avdelingsdirektør Cathrine Børnes i Utdanningsdirektoratet.

Foto: udir.no

– Lite vi kan gjere

Avdelingsdirektør Cathrine Børnes i Utdanningsdirektoratet seier ho har stor forståing for problemet, men at dei må halde seg til det regelverket som er vedteke.

Det var i 2011 direktoratet landa på ei tolking av Opplæringslova som gjer at innvandrarar med fullført vidaregåande mista retten til opplæring.

Kor mange det gjeld kan variere mellom fylka. Lova "oppmodar" til å gi eit tilbod til dei utan rett. I praksis held det å gi tilbod til ein person. Utdanningsdirektoratet meiner det er lite dei kan gjere for innvandrarar som sit fast i systemet.

– Vi kan ikkje pålegge fylkeskommunen fleire plikter enn det som er fastsett i lova, seier Børnes.

Rotevatn tek opp saka

Lova er det Stortinget som må endre. I 2011 tok partileiar Trine Skei Grande i Venstre opp denne saka med dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen. Eit brev til noverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen er no sendt frå stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn.

– Eg er redd for at konsekvensen blir at ein del innvandrarar får lågare betalte jobbar enn dei elles kunne hatt, og at dei ikkje får brukt kunnskapen sin der den best kan brukast.

– Dette er eit betydeleg problem, og eg håpar at den nye kunnskapsministeren kan sjå på det med litt nye auge i forhold til kva den forrige kunskapsministeren gjorde, då ho avviste vårt spørsmål i 2011, seier Rotevatn.

Sveinung Rotevatn

– STORT PROBLEM: Stortingsrepresentant Sveining Rotevatn (V) tek opp saka.

Foto: Siv Sandvik / NRK

– Det vesle som skal til

To av fylkeskommunane i Norge med flest innvandrarar, Oslo og Akershus, veit ikkje kor mange innvandrarar som sit fast. Heller ikkje Utdanningsdirektoratet har statistikk.

Ifylgje fylkeskommunen i Sogn og Fjordane har dei 5-10 slike saker per år. Men til no har dei greidd å gje eit tilbod til desse. Arnulf Elle ved Norsksenteret i Førde kommune seier mange gir opp før søknad og eventuell klage. Han meiner ei lovendring vil betale seg.

– Det er ei kjempeinvestering å få folk som er motiverte for å ta utdanning og gjere ein god innsats i Norge, at dei får det vesle som skal til for å kome i posisjon i staden for at dei blir overforbrukarar av sosiale ytingar.