Hopp til innhold

Innstilt som ny Sp-leiar

Sigurd Reksnes (Eid) er innstilt som ny fylkesleiar i Senterpartiet etter at Karen Marie Hjelmeseter har gjeve melding om at ho ikkje ynskjer attval. Reksnes er i dag 1. nestleiar i fylkeslaget og mellom anna gruppeleiar for Senterpartiet på fylkestinget. Vidare er Kjetil Høgseth Felde (Fjaler) føreslått som ny 1. nestleiar og Karoline A. Bjerkeset (Gloppen) som ny 2. nestleiar.

Sigurd Reksnes
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK