Hopp til innhold

Innstiller bjørnejakta

Bjørnejakta er innstilt fram til det vert gjort nye funn av spor.

Jaktlaget
Foto: Steinar Lote / NRK

Klokka halv eitt onsdag gjekk det første jaktlaget til fjells for å leite etter bjørnen som har drepe og skada fleire minst åtte sauer i Sunnfjord.

LES: Starta bjørnejakta i dag

LES: Fann nytt sauekadaver

Må ha ferske spor

Jaktlaget er avhengige av ferske spor for å halde fram jakta.

- Eg vil oppmode sankelaga som er aktive i denne perioden, om å sjå etter teikn på unormal oppførsel hos sauene, og spor etter bjørn, seier fellingsleiar Finn Olav Myren.

Han ber dei ta kontakt med jaktlaget eller Statens naturoppsyn.

Stor utfordring

Utan ferske spor blir det ikkje jakt i kveld. Men i løpet av kvelden blir det sett opp ei liste over lag på 6-8 personar som skal vere i beredskap og vente på tips.

- Etter som tida går kan det hende vi heller vil bruke tid på å leite etter spor. Det er vanskeleg å leite etter ein bjørn i eit stort fylke, seier Myren.

- Vi har heile tida vore klar over at det er ei vanskeleg og stor utfordring, seier han.