Hopp til innhold

Innsparingar berga Helse Førde frå raude tal i rekneskapen

Helse Førde gjekk gjennom store innsparingar på hausten i fjor. Likevel var inntektene 13 millionar lågare enn budsjettert.

Sentralsjukehuset i Førde

MINDRE UTGIFTER: Ein uføresett nedgang i utgifter til pasienttransport og lågare utgifter til gjestepasientar i andre helseføretak vert trekt fram som grunnen til at Helse Førde unngjekk underskot.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Utover i 2017 har vi sett ei uventa positiv utvikling som gjorde at rekneskapen betra seg mot slutten av året, seier økonomidirektør Halfdan Brandtzæg i Helse Førde i ei pressemelding.

I september låg helseføretaket an til eit økonomisk resultat i 2017 som var 45 millionar kroner dårlegare enn budsjettert. Og alt i mars i fjor melde Helse Førde at det kunne gå mot eit stort underskot i 2017.

No viser dei førebelse utrekningane at helseføretaket gjekk med vel 1,7 milllionar i overskot i 2017. Det er likevel 13 millionar mindre enn dei hadde budsjettert med.

– Vi er svært glade for dette. Samtidig må vi ikkje gløyme at dette er 13 millionar kroner under budsjettmålet for 2017, og vi må difor ha fullt fokus på å gjennomføre planane vi legg for 2018, seier Brandtzæg i pressemeldinga.

– Vi har ikkje råd til å slakke av på dette arbeidet, noko som er heilt naudsynt dersom vi skal greie dei investeringane vi står framfor i dei kommande åra, legg han til.