Rolf Olav Tenden meiner dette er svært viktig for dei som dagleg nyttar denne strekninga. - Strynefjellet var det som starta utviklinga i Nordfjord og store delar av Sogn og Fjordane fordi det var ein stabil og god veg, og den utviklinga vil vi skal fortsette, seier han.
Difor har no næringslivet og transportnæringa sett i gang innsamling for å sjå om dei kan forskottere eit rasoverbygg i Grasdalen på Strynefjellet, skriv Sunnmørsposten. Ei lokal gruppe med næringslivsfolk, politikarar og Norges Geologiske Institutt har så langt samla inn 80.000 kroner.
Tapar store summar
Både for busselskap og andre transportørar i Nordfjord er det uheldig at riksvegen over Strynefjellet har vore stengd så ofte som den siste tida. Thor Tenden Transport taper åleine rundt 4000 kroner for kvar tur dei må køyre anten via Romsdalen eller om Sogn. Nordfjord- og Sunnmøre Billag har tapt opp imot 200.000 kroner sidan dagane før jul. I tillegg til dei økonomiske byrdene, fører dette også til fysisk og psykisk ekstrabelastning for sjåførane.
Tenden seier dei må jobbe mot politikarane både i Sogn og Fjordane og Oppland, og reknar med at dei skal få til noko i løpet av eit par år.