NRK Meny

Innsamling til Romania

1166 presangar snart på veg frå Førde til forventningsfulle barneheimsborn i Romania.

Sekker med gåver klare for Romania

INNSAMLING TIL ROMANIA: Anders Kvamme (tv), dagleg leiar i Romaniahjelpen Tor Benjaminsen (th)

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Artikkelen er flere år gammel.

– Det er imponerande kor førdefolk har stilt opp med gåver. 1166 presangar, det er heilt eineståande. Vi er vande med kanskje 50 eller 100 hjå andre som samlar inn. Så dette er heilt spesielt.

Det seier Tor Benjaminsen, som er dagleg leiar for Romaniahjelpen Vestlandet.

Romaniahjelpen Vestlandet er ein forholdsvis fersk organisasjon som har eksistert sidan 2009. Dei har likevel allereie etablert faste avtaler med 16 barneheimar i Romania. Laurdag var Benjaminsen i Førde for å ta imot gåvene som Quality Førde Hotell har samla inn.

Las om aksjonen på nettet

– Eg las om Romaniahjelpen på nettet og tenkte dette kunne vere noko for oss å vere med på.

Anders Kvamme

STARTA INNSAMLINGA: Anders Kvamme, resepsjonist Quality Førde Hotell.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Det seier Anders Kvamme, som er resepsjonist ved Quality Førde Hotell, og var den som trekte i gang innsamlinga.

– Dette er ein fin måte å gjere noko veldedig på, og så har vi samarbeidd med Romaniahjelpen før og, så vi veit at gåvene kjem fram dit dei skal.

No går sekkene med gåver til Romaniahjelpen sitt lager der dei blir sortert.

– Vi har lister med namn og alder som vi brukar. Når vi reiser ned til påske så deler vi det ut på barneheimane, seier Benjaminsen.

Jan Helge Sellevoll

SKAL KØYRE GÅVER TIL BARNEHEIMSBORN I ROMANIA: Jan Helge Sellevoll

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Når sekkene tek fat på den 3000 kilometer lange turen til Romania, sit førdemannen Jan Helge Sellevoll bak rattet på lastebilen, slik han gjort snart 20 gonger.

– Det blir to turar i året no, vår og haust. Og det tykkjer er veldig kjekt å kunne vere med på. Ungane kjenner igjen den norske bilen og kjem springande og vil vere med å losse.

På ei av verdas brattaste jernbaner blir skinene ekstra slitte av mykje bremsing. Det krev mykje vedlikehald, før sesongen startar for fullt.
Bilder fra landbruks-og matministeren sitt møte med sinte bønder i balestrand.
12 år gamle Linea arrangerer konsert til inntekt for forskning på den uhelbredelige sykdommen, som ein god ven fekk for ei tid sidan. Og 7.-klassingen venter fullt hus.