Hopp til innhold

Innrømmer at dei kunne hindra at trippeldrapstiltala tok sitt eige liv

Fengselsbetjentane var feil plassert då den trippeldrapstiltala mannen frå Sør-Sudan klarte å ta sitt eige liv i fengselet. Sjølvdrapet kunne vore hindra, innrømmer Kriminalomsorga.

Leif Waage

SJØLVKRITISK: Leif Waage i Kriminalomsorga innrømmer no at den trippeldrapstiltala sitt sjølvmord kunne vore unngått.

Foto: Arkiv / NRK

– Vi kan ikkje sjå vekk frå at med ei anna fysisk plassering, så hadde denne hendinga kunne vore unngått, seier assisterande regiondirektør i Kriminalomsorga, Leif Waage, til NRK.

1. september i år var den trippeldrapstiltala mannen frå Sør-Sudan i uteområdet på Bergen fengsel med to psykologar og tre fengselsbetjentar. Trass dette vakthaldet klarte han å klatre ut på eit tak og hoppa. 10. september døydde han av skadane.

– Vi ser jo no at den dagen han var i ein behandlingssamtale med to psykologar, og blei passa på av tre av våre betjentar, så kunne dei vore plassert annleis dersom dei hadde tenkt at det var mogleg at han ville skade seg sjølv og ta livet av seg, seier Waage.

– Må skjerpe rutinane for framtida

Det var 4. november i fjor at ei 19 år gamal jente frå Årdal og to menn i 50-åra blei drepne med kniv om bord på Valdresekspressen. Gjerningsmannen blei pågripen, og sat fengsla i påvente av rettssaka.

At den 31 år gamle mannen klarte å ta sitt eige liv i fengselet, er kritikkverdig, innrømmer Leif Waage i Kriminalomsorga.

– Vi må no skjerpe rutinane for framtida. Når det skjer at nokon tek livet av seg i fengsel, så pleier det å vere medan dei er aleine på. Det har ikkje vore klart nok fokus i denne situasjonen, slår Waage fast.

Skal sikre betra informasjon

Kriminalomsorga kjem no framover også til å betre kommunikasjonen med helsevesenet, og då særleg Helse Bergen og Sandviken sykehus.

Den trippeldrapssikta skulle etter planen innleggast på Sandviken kort tid etter at han klarte å skade seg sjølv.

– Umiddelbart har vi etablert hyppigare møter mellom Sandviken og fengselet, og meir direkte kontakt. Slik kan vi ta betre vare på dei psykisk ustabile og dårlege fangane betre, seier Leif Waage.