Jorunn Lote er ei av dei som fekk uventa besøk, og ho er opprørt. Ho er 80 år og bur åleine på Lote i Eid. Sist fredag fekk ho overraskande besøk på døra. To menn sa dei selde stigar, og oppførde seg svært innpåslitent. Dei sa at ifølgje heilt nye forskrifter krev feiarane no at alle gamle stigar måtte bytast ut, og stigane dei selde var godkjente.
Berre kontant betaling
Stigane kosta 4000 kroner, og berre kontant betaling var godt nok. Då Jorunn Lote sa at ho ikkje hadde så store summar liggjande heime og heller ikkje trong noko ny stige,
tilbaud dei besøkjande seg å køyre henne til banken.
Berre pensjonistar fekk besøk
- Dei to mennene var innom i alle fall fire hus på Lote, fortel Jorunn Lote, og det er berre hus der det bur pensjonistar åleine som har fått besøk.
- Det var ikkje ei særleg god oppleving, seier ho.
Webjørn Moa Arkivfoto NRK
Velkjent for politiet
Lensmannen i Eid, Webjørn Moa, seier at denne type saker er velkjende hos politiet, men at dei ikkje veit kven som står bak. Han oppmodar folk om å avvise dei, og kan fortelje at det er typisk at pensjonistar vert oppsøkte.
Dessverre trur eg ikkje dette er siste gongen, seier lensmannen.