Normal

I morgon kan dei gå heilt til topps

Torsdag kan sju ambisiøse nordfjordingar gå heilt til topps i NM for ungdomsbedrifter.

Westtip Supplies UB

TIL NM: Westtip Suppllise UB er (f.v.) Karl Ulrik Fanøy Nord, Håvard André Hunvik, Adrian Haavik, André Storøy Egeberg, Sindre Storøy Kolseth (dagleg leiar), Håkon Bakke og Peder Midtbø Liseth.

Foto: UE Sogn og Fjordane

Sidan i haust har gjengen bak Westtip Supplies UB utvikla innovative verktøy for å gjere arbeidet i oppdrettsanlegga enklare.

Siger i Sogn og Fjordane-meisterskapen for ungdomsbedrifter førte dei til NM og Lillestrøm. Først i morgon får dei vite om dei går heilt til topps.

– Forventinngane har vore store heilt frå starten av. Men at det skulle nå heilt til NM er berre heilt fantastisk, seier dagleg leiar Sindre Storøy Kolseth.

– Global marknad

Dei sju elevane har bakgrunn frå maritim næring og er elevar ved Eid vidaregåande skule. Verksemda har spesialisert seg på utvikling av innovative mekaniske produkt.

Mest kjent er kanskje silekassen for død fisk i oppdrettsnæringa, eit produkt som har eit stort innsparingspotensial for brukarane.

– Vi trur at denne ideen har eit stort potensial i ein av verdas viktigaste næringar innan matproduksjon. Marknaden er også global, skreiv juryen då Westtip Supplies vart kåra til beste ungdomsbedrift i fylket.

– Kan og må lærast

I alt 158 ungdomsbedrifter har konkurrert i 16 ulike kategoriar i meisterskapen. Det er berre ei verksemd frå kvart fylke som deltek i konkurransen om den gjævaste prisen og billett til EM i Berlin i sommar.

I Sogn og Fjordane har 500 elevar drive ungdomsbedrift i år. Holger Aasen, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane, seier entreprenørskap kan og må lærast.

– Gjennom ungdomsbedriftene erfarer elevane at dei kan oppnå resultat dei i utgangspunktet ikkje trudde dei kunne. Dei får kompetanse, dei opplever meistringsglede, og erfaringa opnar mange nye moglegheiter for dei, seier han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune