Hopp til innhold

Innovasjon Norge gav "grønt lys"

- Kritikken mot Innovasjon Norge i Fundo-saka er urettvis, seier direktør i Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane, Halvor Flatland.

Fundo Wheels

Hovudvernombod og nestleiar i klubben, Henrik Fjeldsbø, saman med hovudtillitsvald Erik Flæthe.

Foto: Bård Siem / NRK

Dei tilsette ved Fundo Wheels har trudd at det var Innovasjon Norge som øydela for vidare drift ved felgprodusenten i Høyanger. Torsdag stengjer dørene til den konkursråka fabrikken.

LES OGSÅ: NAV sender kriseteam til Høyanger

- Eg er frykteleg skuffa og kjenner meg dolka i ryggen. Dei fleste eg har snakka med er rimeleg irritert på Innovasjon Norge, for å seie det pent, fortel hovudvernombod og nestleiar i klubben ved Fundo, Henrik Fjellsbø.

- Urettvist

Flatland tykkjer kritikken er urettvis. Han vil ikkje kommentere måten den lokale investorgruppa har handsama saka på.

- Ut i frå alt arbeidet vi har lagt ned av arbeid sidan 2001 og det vi har vore med på å finansiert, så føler eg at vi har strekt oss ganske langt, seier direktør Halvor Flatland i Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane.

Gav grønt lys

For det viser seg at Innovasjon Norge før helga gav bustyret grønt lys for at den lokale investorgruppa kunne drive fabrikken til over påske. Gruppa skulle også få opsjon på å kjøpe Fundo til, etter det NRK kjenner til, 50 millionar kroner - 35 millionar kroner meir enn investorgruppa ville by .

- Og i den skissa låg det ein føresetnad om at dei fekk i stand avtale om produksjon til Volvo og Audi, seier Flatland.

Felgen forsvinn

Tysdag kom pressemeldinga frå bustyret om at dørene til Fundo stengjer torsdag. Dermed er det slutt for fabrikken som på det meste hadde 370 tilsette.

Tilsette fryktar no at det mykje omtala hybridhjulet som er utvikla i Høyanger, skal kome i tyske hender.