Hopp til innhold

Innkøyring gir kanselleringar

Fjord1 har kansellert 40 avgangar på Anda-Lote etter at dei nye el-ferjene vart sett i drift på sambandet, skriv Firda. Kanselleringane har skjedd i samband med innkøyringsperioden av ferjene. Testinga har gått føre seg på nattetid, og kanselleringane har difor ikkje hatt dei store konsekvensane for trafikantane, ifølgje Fjord1.