Hopp til innhold

Innkjøpssjekk i fire føretak

Alle dei fire føretaka i Helse Vest må innan fredag gje rapport om innkjøpsrutinane sine. - Bakgrunnen er påstandane om at ortopediklinikken i Lærdal ikkje har følgt lova om offentlege innkjøp, seier informasjonsdirektør Bjørg Sandal i Helse Vest.

Informasjonsdirektør Bjørg Sandal
Foto: NRK

I Lærdal er det blitt kjent at innkjøp av ortopediutstyr er unnateke frå innkjøpsavtalane i Helse Vest, men innkjøpa må likevel skje i samsvar med lov om offentlege innkjøp som mellom anna krev at innkjøp over ein viss storleik skal ut på anbod.

- Ikkje mistanke om lovbrot

Dette er noko av det som no blir undersøkt i Lærdal, og som Helse Stavanger, Helse Fonna, Helse Bergen og Helse Førde no må sjekke opp. Men Sandal seier det ikkje betyr at det er mistanke om lovbrot hos desse.

Departementet granskar

Helsedepartementet vil sjølv granske om dei er feilinformert om situasjonen kring ortopedien i Lærdal. Sentralt her står opplysningane om at Lærdal hadde unnatak frå innkjøpsavtalen om kneprotesar, og påstandane i etterkant om at statsråden har blitt ført bak lyset.

Statssekretær Vegard Harsvik seier til Bergens Tidende at dei har bede Helse Vest om ei utgreiing om kva som har skjedd i saka.