Hopp til innhold

Innfører ikkje restriksjonar

I Flora og Bremanger vil dei ikkje legge inn restriksjonar for bruk av vasscooter, skriv Firdaposten. 18. mai vart vasscooter-reguleringane som mellom anna sa at scooterane ikkje kunne køyre nærare enn 400 meter frå land, oppheva nasjonalt. Det er derfor opp til kommunane om dei vil legge inn restriksjonar på vasscooterbruken lokalt. Politiet seier til avisa at det vil vere for vanskeleg å handheve eventuelle lokale reglar.

Vannscooter i høy fart
Foto: NRK