Hopp til innhold

Innfører ikkje nytt forbod

– Det er ikkje aktuelt å innføre eit mellombels forbod mot flyging med paraglider frå Hoven i Loen, seier politioverbetjent Vidar Stavik ved lensmannskontoret i Stryn. Laurdag kveld blei piloten på ein paraglider overraska av dårleg ver, og han blei skadd under naudlanding oppe på fjellet. Stavik seier at den siste ulukka ikkje kan samanliknast med ulukka i påska der ein speedglider kom borti vaieren på gondolbana og styrta i døden. Etter den ulukka blei det innført forbod mot luftsport i tre veker.

Paragliderulukke ved Hoven i Stryn
Foto: Per Tore Sætre