NRK Meny
Normal

Innfører firedagarsveke i to månader

Det blir innført firedagarsveke for dei administrativt tilsette ved Havyard sitt skipsverft i Leirvik i mai og juni.

Havyard Leirvik

MÅ KUTTE: Mange tilsette ved Havyard Ship Technology i Leirvik får kutta ein arbeidsdag i mai og juni.

Foto: Silje Bråstad / NRK

Havyard Group, som eig skipverftet i Leirvik, har no blitt samde med organisasjonane og dei tilsette om å innføre firedagars arbeidsveke i store deler av konsernet i mai og juni.

– For verftet Havyard Ship Technology i Leirvik i Hyllestad vil det bety at administrasjonen vil gå på firedagars veke, medan dei fleste av operatørane i produksjonen ikkje blir råka av denne ordninga, seier informasjonsdirektør Gunnar Larsen til NRK.

Han legg vekt på at firedagars-veke er eit tiltak som er meir effektivt og kostnadsbesparande enn til dømes permitteringar på grunn av den ordresituasjonen verksemda har.

– Føresetnaden var at dei tilsette var samd i å innføre ordninga, og det at dei er samde tek vi som eit veldig positivt signal på at dei ønskjer å bidra, seier Larsen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.