Hopp til innhold

Innestengde i eit kvarter

I eit kvarter var dei 17 passasjerane og to sjåførane innestengde i bussen.

Gerd Halkjelsvik

Gerd Halkjelsvik tok det fint at bussen ho sat ikkje vart blåst av vegen av fonnvinden.

Foto: Øystein Torheim

Gerd Halkjelsvik var ein av passasjerane i bussen. Ho rosar sjåførane for at dei klarte å roe passasjerane.

- Det gjekk fort føre seg. Brått vart alt kvitt. Det gjekk veldig bra. Det var utruleg flotte sjåførar. Rolege og flinke, fortel Halkjelsvik.

Høyr: Busspassasjer Gerd Halkjelsvik

- Umåteleg heldige

Bussjåfør Morten Lægreid

Bussjåfør Morten Lægreid.

Foto: Privat

- Vi var umåteleg heldige. Hadde vi vore fem-seks meter lenger framme hadde det gått atskilleg verre. Då hadde bussen velta, fortel bussjåfør Morten Lægreid til NRK Sogn og Fjordane.

Han var den eine av dei to sjåførane som vart innesperra to ekspressbusen vart blåst av vegen i Våtedalen i Gloppen tysdag ettermiddag. På denne turen var han sidemann i bussen.

Litt panikk

Ifølgje Lægreid var det tendens til panikk dei første minuttane.

- Det blir voldsomt klaustrofobisk og tett og fort dårleg luftkvalitet. Men me var heldigvis to sjåførar i bussen og fekk roa dei bra ned, fortel Lægreid til sognavis.no .

Høyr den dramatiske historia: Bussjåfør Morten Lægreid

Lægreid let seg ikkje skremme av ulukka. Eit par timar etter at bussen hamna i grøfta var han klar for å overta rattet i sjukehusbussen frå Førde til indre Sogn.