Hopp til innhold

Innbyggjarane vil merke høg gjeld

Lånenivået i fylkeskommunen i Sogn og Fjordane er på eit kritisk høgt nivå. Det kan bety at folk flest må betale meir av eiga lomme når det skal byggjast nye vegar.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

NØKTERN LINJE: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes legg ikkje skjul at på folk flest kjem til å merke at fylkeskommunen ikkje kan ta på seg større lån i tida framover.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Sogn og Fjordane fylkeskommune har dobbelt så høg lånegjeld per innbyggjar som landssnittet for fylkeskommunane.

Samtidig ventar ein at fylkeskommunen vil få lågare inntekter i åra som kjem. Den vanskelege situasjonen får fort innverknad på mi og di lommebok.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes varslar at folk sjølv må vere med å betale meir for samferdsleprosjekt, og at fylkeskommunen ikkje kan ta på seg større lån.

– Vi blir nøydde til å ha ei veldig nøktern linje framover, og det blir ei utfordring å sjå kva som eg mogleg å få til utan å auke lånegjelda, seier Kjelsnes til NRK.no.

Nesten to milliardar i gjeld

Ved inngangen til 2013 hadde fylkeskommunen om lag to milliardar kroner i gjeld. Det er over 18.000 kroner per innbyggar – dobbelt så mykje som landssnittet for fylkeskommunane.

– Vi har ein høg lånegrad samanlikna med andre fylke, så vi må vere vaktsame og forsiktige, seier Kjelsnes.

Samtidig nærmar lånegjelda seg 75 prosent av tilgjengelege inntekter. I sakspapira til neste møte i finansutvalet skriv fylkesrådmann Tore Eriksen at "Dette er eit alvorleg varsel sett i lys av at vi ventar reduserte inntekter som følgje av nytt inntektssystem."

– Har prøvd å ta eit løft

Heller ikkje Kjelsnes ventar seg gode nyheiter når regjeringa legg fram den nye modellen for fylkeskommunane sine inntekter.

– Alle signala vi har fått frå fagmiljøa seier at dei fryktar for at dette vil slå negativt ut for vårt fylke, seier fylkesordføraren.

– Har fylkeskommunen levd over evne?

– Eg trur fylkeskommunen har gjort nødvendige investeringar, både innanfor opplæringssektoren, men ikkje minst innanfor samferdsle.

– Eg føler vi har vore ansvarlege, men vi har mange utfordringar i fylket vårt, og når vi har prøvd å ta eit løft vil det syne att på lånegjelda, seier Kjelsnes.

Innbyggjarane må betale meir

Den høge lånegjelda vil få konsekvensar for innbyggjarane. Folk må bu seg på fylkeskommunal smalhans og å betale meir sjølve framover.

– Til dømes innan samferdsle, så må ein sjå på ulike former for brukarbetaling, spleiselag og liknande.

– Dette er ikkje noko lett match, og innbyggjarane i fylket må sjå at det blir lågare investeringar, seier Kjelsnes.