NRK Meny

Innbyggjarane vil ha namnet Førde

Førde er kommunenamnet som fell best i smak blant innbyggjarane i Førde og Naustdal. Det viser innbyggjarundersøkinga som er gjort om namnet på den nye storkommunen i Indre Sunnfjord, skriv Firda. 59 prosent av dei spurde i Naustdal vil ha Førde-namnet, medan 75 prosent av dei spurde i Førde også vil halde på dagens kommunenamn. Politikarar i både Jølster, Gaular og Naustdal har tidlegare sagt at det er fullstendig uakseptabelt om namnet på den nye storkommunen blir Førde. I intensjonsavtalen går det fram at kommunen skal heite Sunnfjord.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.