Hopp til innhold

60 abonnentar var utan internett og telefon i fire dagar

Telenor-abonnentar i Oldedalen i Stryn kommune var utan internett, fasttelefon og fjernsyn i fire dagar. No har dei sendt brev til selskapet og ber om å få høgare prioritert.

Oldedalen
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Torsdag 16. juli gjorde ein teknisk svikt til at Oldedevatn sentral braut saman, noko som førte til at 60 abonnentar var utan internett, telefon og fjernsyn. Kundane gav tilbakemelding til Telenor, og fekk beskjed om at delen skulle kome over natta, slik at ein kunne rette opp feilen.

Men då delen var komen på plass fekk innbyggjarane beskjed om at det var helg og at feilen ikkje kunne bli retta opp før måndag.

– Dette sette sjølvsagt sinna i kok hjå abonnentane, fortel leiar i Oldedalen utvikling, Einar Myklebust.

Uakseptabel politikk

Bakgrunnen for brevet er ifølgje Myklebust at innbyggjarane kjenner at dei ikkje blir gjeve høg nok prioritet frå Telenor.

– Politikken er at dei viktigaste kundane får reparasjon og det er uakseptabelt for oss. Det har med prioritet å gjere, seier han.

Oldedalen baserer seg på turisme, og Myklebust fortel at dei har om lag 200 000 turistar på besøk kvart år. Feilen gjorde til at heller ikkje betalingsterminalane ikkje fungerte.

– Det ramma fyrst og fremst dei som har næringsinteresser oppover dalen, det er jo ingen som går rundt med kontantar lenger. Så når ein skal ha seg mat eller sjekke inn på campingen, då fekk ein ikkje betalt for seg, fortel Myklebust.

Myklebust understrekar at dei sidan utbygginga av nytt fibernett i desember 2014 har hatt eit godt samarbeid med Telenor, som nærast har monopol i bygda.

– Vi har fått tilbakemelding på at dei skal sjå på saka og ønskjer ein dialog. Eg håpar at ein også etter utbyggingsfasen kan halde fram det gode samarbeidet vi har hatt tidlegare, fortel leiaren i utviklingslaget.

– Skulle aldri ha skjedd

Informasjonssjef i Telenor, Anders Krokan, seier Telenor tar sjølvkritikk på at dei ikkje sørga for oppfølging utover fredagen for å umiddelbart å få retta feilen, og at dette måtte vente til over helga.

– Vi kan forsikre at retting av feil på denne sentralen er gjeve høg prioritet. Prioritering av rettingsarbeidet vart sett feilaktig ned på fredagen. Dette skulle aldri ha skjedd, seier han.

Det viste seg at det var for høg temperatur på sentralen som førte til svikt. Feile oppstod igjen etter at entreprenøren hadde reist frå staden.

– Det vart diverre ikkje utført ytterlegare feilretting før måndag 20. juli. Telenor kan forsikre at eventuelle framtidige feil på denne sentralen skal følgast opp kontinuerleg fram til feilen blir retta, seier Krokan.