Hopp til innhold

Stor motstand mot handelspark - har nok underskrifter til at kommunen må ta opp saka

Ein innbyggjaraksjon mot handelspark på Brulandsvellene i Førde har fått stor oppslutnad på kort tid. No har dei nok underskrifter til at kommunen er må ta opp saka.

Aksjon mot Brulandsvellene og Handelspark,

AKSJON MOT HANDELSPARK: F.v:Ester-Johanne Sande, Bjørn Are Vollstad, Hanne Schnitler

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Planane om å byggje ut på Brulandsvellene ser vi på som ein måte å la Førde sentrum døy, seier aksjonsleiar Ester- Johanne Sande.

Eit fleirtal i kommunestyret i Førde har vedteke å regulere eit 72 000 kvadratmeter stort område på Bruland til handelspark.

Men motstanden er stor. På Facebook har aksjonen så langt fått nær 1500 støtteerklæringar, og på sida minsak.no har dei fått så mange underskrifter at kommunen er pliktig å ta opp saka.

Det har vore enorm respons, kan Sande fortelje. Minstemålet er minst 2 prosent av innbyggjarane.

Øydelegg miljøet og matjorda

– Dei har begynt med eit flott arbeid i Førde no for å gjere det triveleg i sentrum. Det står og mykje tomme tomter og lokale til disposisjon. Då burde kommunen få tetta her og lage næring og utbyggingar her i sentrum, og ikkje ta siste rest av matjorda for å byggje ut til nokon betongklossar og varelagerbutikkar, det blir heilt feil for framtida, meiner Sande.

Ho meiner ein handelspark vil øydeleggje miljøet og naturen.

– Med ei utbygging støttar vi bruk av bil og bilpark og tar ikkje vare på nærmiljøet og framtida til generasjonane som kjem etter oss. Vi veit ikkje kva framtida vil bringe. Kanskje får vi bruk for den matjorda ein gong, seier ho.

Er ikkje i mot handelspark

Aksjonsgruppa er ikkje i mot handlespark, men imot at den skal kome på Bruland.

Coop-planar om handelspark på Brulandsvellene

SLIK KAN DET BLI: Slik kan det sjå ut dersom planane om handelspark vert gjennomført.

Foto: Asplan Viak, skisse / NRK

– Vi er ikkje i mot utvikling, men i mot at ein ikkje stoppar opp og tenkjer seg om korleis ein skal gjere det. Vi må endre haldningane og tenkje nytt. Det går ikkje an å berre tenkje profitt, ein må og ta vare på nærmiljøet, seier ho.

Alternativet er å bruke det som allereie står tomt og klart til bruk i sentrum, meiner ho.

Coop-planar på Brulandsvellene i Førde - kart

PLANAR: Kart over planane på Brulandsvellene i Førde.

Foto: Asplan VIAK

– Ein handelspark på Brulandsvellene vil vere med å skape arbeidsplassar, kva tenkjer du om det?

– Ein kan like godt skape dei i Førde sentrum, seier Sande bestemt. Ho meiner og ein auka handel like godt kan skje sentrum som på Bruland.

Kommunen skal få underskriftene når vi har nådd det målet vi har sett oss.
Neste veke, tysdag 21. januar, skal kommunestyre diskutere saka.