NRK Meny
Normal

Innbrotstjuvar raserte restaurant og drap gullfiskar

Akvariumsfiskane var drepne, lokalet var ramponert og kassa mangla tre tusen kroner. Det var eit lite hyggeleg syn som venta dei tilsette ved restauranten San Marino i Måløy.

akvarium

GULLFISKANE MÅTTE BØTE MED LIVET: Innbrotstjuvane heiv spritflasker og papir i akvariet.

Foto: privat

Natt til sundag tok innbrotstjuvar seg inn ved å knuse eit vindauge. Inne i restauranten strødde dei om seg med alt frå grillkrydder, mat og alkohol. Det var Fjordenes Tidende som først omtalte saka.

– Dette er hærverk og griseri. Dei har spruta rundt med dressing, olje og ketchup. Spritflasker flaut i akvariet, seier lensmann Nils Bakke.

Det var ikkje berre kjøkkenbenkar og golv som var grisa til. Restauranten sitt akvarium var fylt til randen av spritflasker, papiraviser og toalettpapir. Innhaldet i flaskene var tømt ut i akvariet, og gullfiskane til restauranten måtte bøte med livet.

– Dette er veldig synd og heilt unødvendig. Akvariumsfiskane våre har vore til stor glede for borna som har besøkt oss, seier dagleg leiar Fouad al Dabbagh.

Brukte ti timar på å rydde

Restauranten måtte halde stengt heile sundagen på grunn av opprydding. Dei tilsette brukte 10 timar på å rydde og vaske etter innbrotet. Hendinga er meldt til politiet.

– Dette er ei alvorleg sak. Vi har vore på staden for å sikre fotspor, fingeravtrykk og biologiske spor, seier lensmann Nils Bakke.

Tjuvane fekk med seg fleire tusen kroner frå kasseapparatet. Politiet har førebels ikkje nokon mistenkte i saka. No etterlyser dei vitne.

– Alle som har sett noko i det aktuelle området mellom kl. 23 laurdag kveld, og sundag kl. 10, kan melde seg til politiet, seier Bakke.

Lensmann Nils Bakke

BER OM TIPS: Lensmann Nils Bakke ber om tips frå publikum etter innbrot.

Foto: Eva Westvik / NRK