Etter at bilstereoanlegg og lommebøker vart stolne frå minst sju bilar, gjekk politiet i Fjaler ut og etterlyste ein litauisk registrert kvit Opel vectra. Det var tips frå publikum om denne bilen som førte til pågripinga seier konstituert lensmann i Fjaler Erik Folland.
Han seier at det mest truleg vil bli gjort fleire pågripingar i samband med bilinnbrota.