Hopp til innhold

Innbrotstjuv kan bli avslørt av kubjølle

Ei kubjølle er politiet sitt beste spor i jakta på gjerningspersonane som braut seg inn og raserte restauranten San Marino i Måløy.

Kubjelle og akvarium

HAR SIKRA SPOR: Politiet har sikra seg DNA-spor frå ku-bjølla dei fann etter innbrotet.

Foto: Privat/politiet

– Bjella låg igjen på åstaden og eigaren av San Marino seier den ikkje høyrer til hjå dei. Så vi reknar det som nokså sikkert at det er dei som braut seg inn som har lagt igjen bjølla, seier politioverbetjent Nils Bakke.

Det var Fjordenes Tidende som først omtalte saka.

Natt til 11. mars braut ein eller fleire personar seg inn i restauranten. Lokalet vart ramponerte, rundt 3000 kroner vart stole og til og med akvariefisken måtte bøte med livet.

– I samband med åstadgranskinga som vi gjorde, så har vi sikra oss spor. Både biologiske spor og moglege fingeravtrykk, seier Bakke til NRK.

Spora har politiet sendt inn til Kripos og Folkehelseinstituttet i håp om at dei skal kunne klare identifisere den eller dei som står bak innbrotet.

– Vi har blant anna sendt inn DNA-spor som vi fann på bjølla. Så no ventar vi på kva Folkehelseinstituttet kan finne ut, seier Bakke.

– Har de noko formeining om kva denne bjølla kan vere brukt til i samband med innbrotet?

– Nei, eg kan ikkje sjå noko fornuftig bruk av denne bjølla i samband med sjølve innbrotet, seier Bakke.

Politiet er framleis interesserte i tips, dersom nokon har sett noko natt til 11. mars.