Hopp til innhold

Innbrotsraid: Politiet ber folk om å sjekke hytta si

Politiet fryktar at det kan ha vore innbrot i fleire hytter enn dei åtte dei hittil har fått melding om.

Innbrot i hytte i naustedalen

NAUSTDAL: Det har vore innbrot i minst sju hytter i området ved Savlandsstølen og Teigenstølen.

Foto: Politiet

– Vi kan ikkje utelukke at fleire hytter har hatt ubedne gjester, så vi vil oppmode folk om å sjekke andre hytteområde. Om hyttene blir ståande med knuste vindauge dersom det blir ruskevêr, så kan det bli omfattande skade, seier politioverbetjent Bjarte Skrøppa til NRK.

Sju av innbrota som hittil er melde har skjedd langt inne i Naustedalen i Sunnfjord, medan det åttande har skjedd like ved E39 i Aven i Ytre Sogn.

Innbrot i hytte i Lavik

LAVIK: Slik kom tjuvane seg inn i ei hytte ved Aven.

Foto: Privat

– Det er litt ulike måtar gjerningspersonen eller personane har tatt seg inn på. Det er alt frå knuste vindauge til oppbrotne dører. Vi har ikkje heilt oversikt på kva som er vekke. Så langt ser det ut som det er alkohol som er stole, seier Skrøppa.

Tjuven eller tjuvane har ikkje rota eller romstert inne i hyttene, og politiet har vore på dei ulike stadane og gjort undersøkingar. Når det gjeld innbrota i Naustedalen har dei truleg skjedd frå rett før jul og fram til no nyleg.