NRK Meny
Normal

Innbrotsbølgje i Florø

Natt til i dag har det vore gjort tre nye innbrot i Florø. Politiet ber no om publikum si hjelp.

Natt til i dag har vore gjort innbrot i kommunen sitt tenestetorg i samfunnshuset og Florahallen. I tillegg er det gjort forsøk på innbrot i eit dykkarlokale i Håvågen.

Stal mat og drikke

Politiet opplyser at det er stole mindre summar pengar og litt mat og drikke.

- Det er grunn til å tru at det er dei same som står bak alle innbrota, seier operasjonsleiar Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.

Natt til måndag hadde planteskulen i Brandsøy ubedne gjester på besøk. Der vart det også funne ein bil som vart stolen på Havreneset i Florø tidlegare på natta.

Den siste tida har også fleire bedrifter i Florø hatt innbrot. Fleire av bedriftene ligg på Evja ved innfartsvegen til sentrum. Det største enkeltutbyttet hadde ein verdi på 100.000 kroner.

Ber om hjelp

To ungdommar sist veke pågripne og mistenkte for innbrota, men dei vart sjekka ut av saka.

Førebels står politiet utan mistenkte i dei mange innbrotssakene, og Hauge ber difor folk som kan ha sett noko melde frå.

- Det er vanskeleg å seie, men det er også grunn til å tru at det er samanheng mellom dei andre innbrota.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser