NRK Meny
Normal

Innbrot på Kaupanger

Natt til laurdag har ubedne gjster brote seg inn hos Coop Prix på Kaupanger og stole mellom 10 og 20 tusen kroner.

Tjuvane har brote opp ein speleautomat og forsynt seg av innhaldet. Det er førebels uklårt om det er stole andre verdiar i butikken, opplyser Nils Erik Eggen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet er interessert i tips frå publikum.