Braut seg inn og stal mobiltelefonar

Mobiltelefonar for ein større verdi er stolne frå ein telebutikk i Førde. Innbrotet har skjedd ein gong mellom laurdag ettermiddag og måndag morgon.

Innbrot ved telebutikk i Førde

MOBILAR: Tjuvane braut seg inn i butikken og tok med seg mobiltelefonar til ein førebels ukjend verdi.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

– Innbrotet vart oppdaga måndag morgon, men det er uklart kor tid innbrotet skjedde. Vi veit heller ikkje korleis dei har kome seg inn i bygget, men dei har skore seg inn gjennom gipsplater i veggen for å kome inn i telebutikken, fortel Inge Værøy ved Politiets operasjonssentral.

Butikken ligg i handelshuset Elvegården i Førde, men det er ikkje oppdaga at det er gjort innbrot i nokon av dei andre butikkane.

– Vi har ikkje oversikt over kor store verdiar som er stolne, seier Værøy.

Saka blir vidare etterforska av Førde og Naustdal lensmannskontor.

Stengt butikk etter innbrot i Førde.

STENGT: Det er førebels uklart korleis tjuvane har klart å kome seg inn i lokalet.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen
Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.