Hopp til innhold

Innbrot i kjøpesenter

Einkvan har knust ei rute og tagga på kjøpesenteret Elvetorget i Førde. Brotsverka vart oppdaga i dag tidleg. Politiet opplyser at det er uvisst om det er noko som er stole frå kjøpesenteret. Dei er no på staden og gjer undersøkingar.