Hopp til innhold

Innbrot i fotobutikk

Natt til onsdag braut tjuvar seg inn på fotobutikken Alf Helgheim & Co på Skei.

Reidar Helgheim
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Alf Helgheimn & co
Foto: Ottar Starheim / NRK

Alarmen gjekk litt før klokka fem om morgonen, og tjuvane fekk med seg digitalt fotoutstyr og speglreflekskamera for rundt 60.000 kroner.

Lensmann Knut Skurtveit i Jølster ber folk som har sett noko, om å kontakte politiet.

Ber drosjesjåfør melde seg

- Vi er spesielt interessert i å få kontakt med ein drosjesjåfør som vi håpar kan gi oss noko å gå på. For det er observert ein drosje på veg nordover på det aktuelle tidspunktet. Vi har funne ut at innbrotet skjedde klokka 4.45. Vi har vore i kontakt med fleire drosjesentralar i fylket utan å finne den rette drosjesjåføren, seier Skurtveit.

-Austeuropearar studerte fotohyllene

- Vi er og interessert i tips om bilar og liknande. Innehavaren av butikken fortel at det tysdag på dagtid var innom folk som truleg var austeuropearar og som studerte fotohyllene. Vi må ha i mente at gjerningsmennene kan vere austeuropearar, seier Skurtveit.

Brukt steinar

Eigaren Reidar Helgheim vart oppringd av Alarmsentralen klokka 04.54 om at alarmen var utløyst. Han sette seg i bilen for å køyre dei fem kilometrane til Skei.

- Då eg kom fram såg eg ikkje folk, men eg såg at det hadde vore innbrot, det var brukt eit par steinar til å knuse glasruta i inngangsdøra, og så har dei gått bort til kameraavdelinga og knust glasdørene og monteren for så å ta med seg nesten alt som var av digitale kamera. Det står nokre øskjer igjen.

Oversåg gull og sølv

- Visste tjuvane kva dei gjekk etter?

- Ja, det er heilt bevisst. Vi har store verdiar av gull og sølv og ur i butikken vår, men så langt vi kan sjå er det berre kamera dei har teke.

- Kva tenkte du då du kom til butikken?

- Eg tenkte at det på ein måte var godt å sleppe å kome ansikt til ansikt med dei, sjølv om vi gjerne skulle ha fått tak i dei. Så ringde eg alarmsentralen og deretter lensmann Knut Skurtveit privat, og han var her seks-sju minutt etterpå.

Trur dei var innom i går

- Kva tankar har du gjort deg om tjuvane?

- Eg har grunn til å tru at ein av dei var innom butikken i går. Det var ein gut i 20-åra som stod ved kameradisken. Då han fekk spørsmål om han trengde hjelp gjekk han berre ut.