Natt til i dag har det vore innbrot på Musikkcenteret i Førde. Tjuven har brote opp to speleautomatar, men det er førebels uvist kor mykje som eventuelt er stole, opplyser politiet.
Innbrotet vart varsla av ein nabo som høyrde folk i huset.
Han skal også ha sett ein person inne i butikklokala, men vedkomande var vekk då politiet kom til staden.