Hopp til innhold

Innbrot i Førde

Politiet har fått melding om innbrot på Øyrane vidaregåande skule i Førde. Ei dør er broten opp, men politiet har førebels ikkje oversikt over om noko er stole. Ein patrulje er no på staden og gjer undersøkingar.

– Det vi veit er at uvedkommande har tatt seg inn i bygget, men vi veit ikkje noko meir enn det, seier Øystein Ellingvåg, politibetjent ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Innbrot Øyrane VGS
Foto: Wilhelm Støylen / NRK